Quantcast
Channel: Samfunn og politikk - Syn og Segn
Viewing all articles
Browse latest Browse all 10

Det skulle vere vår tid

$
0
0

Vi trudde på demokratiet. På framsteget. At kunnskap ville vinne over kunnskapsløysa. Vi trudde på Afghanistan.

Av HS*

Morgonen den 15. august 2021 starta annleis enn andre morgonar. Eg reiste heimanfrå seinare enn vanleg, fordi eg måtte førebu meg til ei tenestereise. Eg bad sjåføren om å stoppe ved ein bank, så eg kunne få tak i kontantar til turen. Då fekk eg vite at alle minibankar i Kabul var blitt tømt i løpet av natta. Framfor kvar einaste bankfilial var det lang kø. Trafikken var usedvanleg tung og treg. Så la eg merke til at telefonen hadde slutta fungere. Eg kom meg ikkje på nett, og eg kunne heller ikkje ringe ut. Turen til departementet tok vanlegvis fem minutt. Denne morgonen brukte vi ein time. Då eg kom fram, var bygget i ferd med å bli evakuert. Eg kunne høyre skott. Etter lyden å dømme var dei avfyrt frå ein stad like bortanfor der eg stod. Taliban er her alt no, høyrde eg ein kollega seie.

Eg besvimte nesten. Eg var sjokkert, eg gret, vart sint. Så la eg på sprang. Om Taliban var her no, kunne eg ikkje dra heim. Regjeringsbilen, den med dei svarte nummerskilta som gjorde at han ikkje kunne forvekslast med andre, hadde stått parkert utanfor leilegheita mi så mange gongar at alle visste at eg jobba for regjeringa. Om Taliban framleis ikkje hadde vore der, kunne eg vere sikker på at dei snart ville komme. Eg bestemte meg for å søke dekning hos bror min. Seinare same ettermiddag, då eg sat der i stova hans, fekk eg vite at Taliban ikkje hadde rykt inn i Kabul enno. Dei venta utanfor bygrensa. Skotta eg hadde høyrt, var varselskott, avfyrt for å stoppe ein krangel mellom nokre av vaktene i departementet. Presidenten vår, Ashraf Ghani, hadde nettopp reist frå Kabul i eit helikopter.

Det tok ikkje lang tid før dei publiserte skrytevideoar som viste at dei var inne i presidentpalasset.

Så rykte Taliban inn. Det tok ikkje lang tid før dei publiserte skrytevideoar som viste at dei var inne i presidentpalasset.

På denne tida var eg del av toppleiinga i eit av Afghanistans departement. Eg jobba fjorten timar om dagen, men vart aldri trøytt. Eg sat i møte, las, og las opp att sakspapir, signerte vedtak og delegerte oppgåver. Når eg kom heim om kvelden, var eg alltid takksam, full av energi. Vi som jobba i departementet, visste at vi var i gang med å skrive historie. Vi var i ferd med å skape det samfunnet vi hadde drøymt om. Livet, og arbeidet, hadde ei høgare meining. I dag kjennest denne tida så uendeleg langt unna.

Det gjekk så fort

Vi visste at amerikanarane skulle trekke seg ut. Vi visste også at Taliban hadde erobra nye provinsar. Men slik var det jo kvart år. Nokre provinsar fall etter harde kampar. Andre stader kunne Taliban overta nesten utan å løyse eit skott. Vi tenkte at Taliban umogleg ville vere i stand til å kontrollere meir enn fem provinsar om gongen. Dei gongane dei erobra meir, hadde dei aldri klart å halde stillinga i meir enn ei veke.

Når eg tenkjer tilbake, er det som om alt gjekk veldig fort. I alle møta eg deltok på i desse dagane, snakka vi om det som hende der og då. Vi snakka om flyktningane som strøymde inn i byen vår. Dei som hadde rømt frå Taliban. Kva kunne vi gjere for dei? Det vi aldri snakka om, var kva som ville skje om Taliban skulle erobre heile Afghanistan. Kvifor gjorde vi ikkje det? Vi klarte ikkje å sjå for oss at ein så kunnskapslaus bande skulle overta landet vårt.

Frykt er den kjensla eg framfor alt forbind med Taliban.

For meg er året 2001, då den USA-leia militærkoalisjon gjorde slutt på det første Taliban-styret i Afghanistan, eit år for håp. Vi var mange som trudde at dette ville bli vår tid. Ei tid for framgang, for fred, utvikling og globalisering. Vi afghanarar skulle endeleg spørje oss sjølv om kva vi ville, og kva vi trong. Dette var mi tid. Eg er fødd i 1990.

Drageflyging i Kabul. Foto: Farid Ershad/Unsplash

Då eg vart fødd, var det Taliban som styrte. Frykt er den kjensla eg framfor alt forbind med Taliban. Ho vart skapt av det folk rundt meg fortalde. Dei var så brutale. Vi måtte spørje dei om lov til å få spele musikk i bryllaupet til syster mi. Eg hugsar også den gongen då ein av brørne mine vart henta inn til eit avhøyr. Han vart piska i seks timar. Talibanarane piska han på skift og var alltid to som svinga pisken. Dei var på jakt etter våpen frå borgarkrigstida. Det var mange våpen i omløp, men Taliban visste ikkje kvar dei var. Måten dei gjekk fram på for å finne ut av det, var å hanke inn folk frå gata og torturere dei heilt til dei gav informasjon Taliban syntest var nyttig. Om den torturerte sjølv ikkje innrømte å ha våpen, forsøkte Taliban å presse han til å oppgi namn og adresse på vener og kjente som i sin tur ville bli utsett for same etterforskingsmetode.

Den første læraren min

Taliban let ikkje jentene gå på skule den gongen heller. Difor var det mange familiar som underviste døtrene heime, i skjul. Far min, Babaa Jaan, vart den første læraren min. Han dreiv ein bruktbutikk like utanfor sentrum av Kabul. Mor mi var heime. Vi hadde ikkje innlagd elektrisitet. Underhaldninga vår var å lese bøker i skinet frå dei små oljelampene som eg hadde ansvar for å halde rein. På ettermiddagane var eg alltid spent på kva historie Baaba Jan skulle lese for meg, og på kva han ville seie om framgangen min. Det tok ikkje lang tid før eg kunne lese, og delvis også forstå, dei store bøkene i den persiske litteraturen, slik som Shaahnama og Masnawi. Far min vart overraska over kor raskt eg lærte.

Då eg var ti, flytta vi til Pakistan for å bu saman med sønene til far min. Dei reiste frå Afghanistan like etter episoden med piskinga. I Pakistan måtte eg lære urdu og engelsk, så eg la vekk bøkene med persisk litteratur. Det var så annleis i Karachi. Vi hadde innlagd straum. Vi kunne sjå tv, ha eit sosialt liv, og eg fekk gå på skulen. Eg var flink. Ein dag kom rektor på skulen for å fortelje far min at eg var eit oppvakt barn som kunne nå langt. Det gjorde at eg vart endå ivrigare. På den siste skuledagen min i Karachi fekk eg ein pris for godt oppmøte. Eg hadde aldri gått glipp av ein einaste undervisningstime. Mor mi hadde iallfall halvparten av æra for akkurat det. Sjølv på dagar der eg var småsjuk, sende ho meg på skulen.

Vi var i Pakistan i fire år. Då vi kom tilbake, var Taliban-styret historie. Det var ei tid for håp. I dette nye Etterkrigs-Afghanistan var 60 prosent av innbyggjarane under 25 år. Det var krevjande. Men det gjorde også at det fanst mange moglegheiter. For kunne ikkje det internasjonale samfunnet, med strategisk bruk av politisk og kulturell makt og pengar, føre ungdommen i landet inn i eit konstruktivt spor? Jau. Det kunne dei! Min generasjon afghanarar, vi som er fødd på 1990- og tidleg på 2000-talet, voks opp i ei vanskeleg tid. Men vi hadde akkurat same håpet og same draumar som resten av verda. Vi tenkte at utdanning og demokrati ville vinne over ekstremismen. Vi tenkte at vi var ferdige med dette vonde kapittelet i historia vår. Vi hadde jo sjølv sett at det tok berre eit par veker å jage ut Taliban.

Det store løftet

Krig og politisk uro gjorde at det i fleire generasjonar berre var eit fåtal afghanarar som fekk sjansen til å ta ei utdanning eller lære eit yrke skikkeleg. Det oppstod ei enorm kløft mellom generasjonane. For dei yngste fekk lære. Og det var mange som ville. Dei nye styresmaktene skal iallfall ikkje ha æra for utdanningsrevolusjonen. Dei gjorde ingenting for å gjere utdanning attraktivt. Til og med i Kabul føregjekk undervisninga i telt. Det er dei vanlege afghanske borgarane som skal ha æra. Dei ville lære. Ute i provinsane var det mange som gjekk i både to og fire timar, kvar dag, for å få undervisning. Barna sat i telt, på fjelltoppar eller direkte under den steikande sola. På universiteta var det aldri aircondition, for å seie det slik. Men alt dette er berre småtteri. Det som verkeleg var vanskeleg, var sjølvsagt tryggingssituasjonen. Vi som ville lære, var stadig utsett for direkte og indirekte trugsmål.

Eg studerte juss ved eit privat universitet då eg var så heldig å få stipend for å gå på American University of Afghanistan. Dette var Afghanistans eliteuniversitet. Det var her framtidige afghanske leiarar skulle bli forma. Konkurransen om desse stipenda var sjølvsagt beintøff. Eg jobba fulltid på eit kontor på dagtid. Om kveldane studerte eg, heilt fram til Taliban sette ein stoppar for det.

Skolejente i Kabul, før Talibans maktovertaking. Foto: Wanman Uthmaniyyah/Unsplash

24. august 2016 rundt klokka sju om kvelden var eg på ei førelesing. Taliban sprengde ei bilbombe rett utanfor rommet der vi hadde undervisning. Bomba var så kraftig at ein heil vegg rasa saman. Vi kunne sjå flammane frå bomba. Det regna glas frå vindauget. Alle sprang mot døra. Eg hadde alltid visst at dette kunne skje. Fleire gongar hadde eg sett det for meg. Eg hadde tenkt over kva eg skulle gjere. Denne kvelden gjentok eg for meg sjølv at det er no det skjer. Dette er det angrepet eg må flykte frå. Dette er det angrepet eg må klare meg gjennom.

Vi visste at dei som sprang sist i gruppa vår, kom til å bli treft av kulene til Taliban.

Eg sprang mot døra. På føtene hadde eg høghæla sandalar som var festa rundt vrista med ei reim. Om eg skulle ha tatt dei av, måtte eg ha sett meg ned. Det hadde eg ikkje tid til. Vi kunne høyre at Taliban alt var inne på universitetsområdet, og at dei skaut på folk. Så eg sprang. Med høge hælar og veska med mobiltelefonen over skuldra. Hovudinngangen til universitetet låg på nordsida. Naudutgangen var på sørsida. Fluktruta vår gjekk midt i skottlinja til angriparane frå Taliban. Vi visste at dei som sprang sist i gruppa vår, kom til å bli treft av kulene til Taliban. Då vi kom fram til naudutgangen, var han stengt. Vi sprang litt rundt på måfå, før vi endeleg fekk opna døra og kom ut i ei mørk bakgate. Så sprang vi det vi kunne.

Dei døde studentane

Angrepet varte heile natta. Talibanarane tok ein heil klasse som gislar. Dei vart ikkje sleppt fri før dagen grydde. Tretten menneske vart drepne. Kullkameraten min Jashmid var ein av dei. Han var ein gåverik ung mann som hadde flytta tilbake frå USA for å ta resten av utdanninga i Afghanistan. Han var så engasjert at han ofte gjorde oppgåvene for heile gruppa si når han først var i gang. Zahid frå kullet mitt vart også drepen. Han var sterkt religiøs og gjekk aldri glipp av ei einaste av dagens fem bøner. Zahid var alltid kledd i tradisjonelt afghansk tøy og brukte bønnelue. Men det hindra ikkje Taliban i å skyte på han. Ei jente i familien min mista også livet. Mor mi gjekk i gravferda. Etterpå fortalde ho meg at mor til den døde jenta hadde sagt, igjen og igjen, at ho skulle ønskt at dotter hennar hadde vore i venegjengen min, slik at ho hadde hatt ein sjanse til å overleve.

Dei som dyppa fingeren i lilla blekk for å stemme, visste at Taliban kom til å kutte av nokre av desse merkte fingertuppane i dagane etterpå, som straff. Men dei stemte likevel.

Eg slutta på American University etter terrorangrepet. Eg var knust, men torde ikkje halde fram. I staden gjekk eg tilbake til det gamle universitetet mitt. Det stod ikkje på Talibans liste over prioriterte terrormål.

Vi var mange som hadde store forventingar til det nye Afghanistan. Vi var mange som trudde at demokratiet og dei demokratiske institusjonane ville vinne fram. Folk var sjølvsagt skuffa over korrupsjonen og over valfusket, som såg ut til å auke år for år. Men inntrykket mitt var at dei fleste var optimistar med tanke på framtida. Det var så mange som var villige til å risikere livet for å delta i demokratiet. Alle visste at det kom til å bli sprengt, og at det kanskje også ville bli skyteepisodar på valdagen. Men folk møtte opp likevel. Dei som dyppa fingeren i lilla blekk for å stemme, visste at Taliban kom til å kutte av nokre av desse merkte fingertuppane i dagane etterpå, som straff. Men dei stemte likevel.

Viljen til demokrati

Ved presidentvalet i 2019 var eg observatør. Den gongen hadde vi tatt i bruk biometriske apparat som skanna fingeravtrykk for å hindre valfusk. Det vart mykje rot. Maskinen klarte ikkje å identifisere folk. Meir enn halvparten vart sendt heim utan at dei fekk stemme. I dei siste timane før vallokalet skulle stenge, kom mange av dei som vart avvist tidleg på dagen, tilbake. Dei ville sjekke om dei kunne få stemme no. Dei som ikkje fekk stemme, klaga. Vi gjekk faktisk tom for klageskjema den dagen. Eg hugsar godt ei eldre kvinne som byrja gråte. «Eg er så lei av alt av dette», sa ho. «No vil eg stemme, så vi endeleg kan få ein slutt på det.» Ho visste ikkje korleis det skulle gå til. Men ho var sikker på at vi kunne forme landet vårt sjølv, gjennom demokratiet.

Matutdeling i regi av internasjonale hjelpeorganisasjonar i Kabul. Foto: Wanman Uthmaniyyah/Unsplash

Då den amerikanske presidenten Joe Biden erklærte at USA skulle ut av Afghanistan, kom det overraskande på oss. Men vi var ikkje redde. For vi trudde vi var på rett veg. Sjølv om Taliban skulle komme på offensiven, tenkte vi at vi ville ha tid. Eitt år, eller iallfall seks månader, før dei kom til hovudstaden. Så feil kan ein ta.

Dei første vekene gret eg heile tida. Såra var heilt opne.

Etter at Taliban tok over Kabul, levde eg i dekning i éin månad. Eg kom meg til Pakistan over grensa ved Torkham. Så kom eg til Noreg. No er eg her. Eg er framleis i sjokk, trur eg. Eg slit med å akseptere at eg ikkje forstod kva som kom til å skje. Dei første vekene gret eg heile tida. Såra var heilt opne. Eg gret så mykje at det aldri var nokon som såg meg ute på gata i Oslo utan tårer i auga. Det er umogleg å forklare kor oppløyst eg var.

Etter tjue år med hardt arbeid og håp ser det ut til at vi mistar endå ein generasjon afghanarar. Vi er tilbake på null. Denne gongen kom det som eit sosialt og politisk sjokk. Kvinnene, halvparten av befolkninga vår, er kasta ut av utdanningssystemet, frå arbeidslivet og frå all sosial og politisk aktivitet. Resten av landet druknar i svolt, arbeidsløyse og terror. Dei som er unge, har ingenting å gjere. Dei kan ikkje vere ute saman med vener, dei kan ikkje høyre på musikk. All underhaldning er bannlyst. Dei bur i døde byar.

Tusenvis av høgt utdanna afghanarar har reist frå landet. Eg reiste frå den eine staden i verda der livet mitt hadde ei høgare meining. Og eg mista alt. Eg mista dei måla eg hadde for framtida, alt eg hadde oppnådd fram til då. Eg mista prestasjonane mine, familien min, venene mine.

Eg slit framleis med å ta det inn. Eg veit ikkje kva som vil skje med dei eg reiste frå. Eg veit ikkje kva som vil skje med alle dei eg hadde ansvaret for gjennom jobben min, og eg veit ikkje kva som vil skje med framtidsdraumane deira. Kva liv dei blir overlatne til. Eg veit heller ikkje kva eg skal seie til meg sjølv. Korleis eg skal finne nye mål for livet. Korleis eg skal finne ei ny meinig.

*HS er anonym av omsyn til eigen tryggleik og av omsyn til tryggleiken til familiemedlemer som framleis bur i Afghanistan. Syn og Segn kjenner identiteten hennar.

The post Det skulle vere vår tid appeared first on Syn og Segn.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 10

Trending Articles