Det er vanskeleg å sjå for seg at Noreg ein gong hadde eit godt forhold til Russland. Vi som budde i grenseområda, hugsar ei tid då vi kunne reise og drikke øl i nabolandet på fredagane.
Amund Trellevik (tekst og foto)
Nokre av dei mest positive utslaga av eit godt naboforhold mellom Russland og Noreg såg slik ut:
Ein fredagsettermiddag i Kirkenes: Ferdig på jobb klokka 16.00, kanskje litt før.
Ein sjåfør (kven sin tur er det i dag?), fire passasjerar. Pass og pengar? Check. Køyrepils for passasjerane? Check. Så, ein femten minutt lang køyretur til riksgrensa på Storskog. Inn på norsk grensestasjon, politiet spør: Kva skal de i Russland? Svaret: Fredagspils, vel, som vanleg. Politiet smiler. Bommen blir løfta, vi køyrer inn i Russland. Ny passkontroll. Strammare, men smilande russarar helsar oss velkomen, stemplar visum og grensebuarpass og ønskjer oss god tur vidare. Bommen på russisk side blir løfta, og vi køyrer mot industribyen Nikel og stamstaden vår, vassholet Belaja notsj (Kvite netter).
Vodka og pelmeni
To timar tidsskilnad mellom Kirkenes og Nikel gjorde slike fredagspilsar til ein spennande, men eksotisk kamp der klokka jobba både for og mot oss. Frå vi sette oss i bilen i Kirkenes til vi var framme i Nikel, gjekk det vanlegvis 45 minutt.
frykta for ei stengd grense sleppte aldri heilt taket
Den første fredagspilsen vart derfor normalt tappa i halvliterglasa våre på Belaja Notsj klokka 19.00 russisk tid. Deretter to timar og 45 minutt intenst konsum av både Baltika 3, vår føretrekte pils, sjølv om den som det meste anna øl i verda er eigd av danske Carlsberg, og eit par 50-grammarar vodka (i Russland vert ikkje brennevin selt i centiliter). Dette hygga vi oss med, kombinert med ein tallerken pannekaker og pelmenis, den russiske versjonen av dumplings, og hyggelege samtalar med dei russiske gruvearbeidarane og ektefellane deira som var ute i same ærend som oss, før sjåføren vår strengt kommanderte oss inn i bilen. Han hadde i løpet av turen fått utvida fullmakter og opererte no som einaste vaksne i gruppa og med eineansvar for å få alle dei fire andre tilbake til kongeriket. Den nominelle reisetida er ikkje meir enn ein dryg halvtime. Men frykta for ei stengd grense sleppte aldri heilt taket, sjølv for oss fredagspilsarar, og vi rekna ein time for å få oss heim til Kirkenes før grensa stengde for natta.
Vi rakk å seie «do zvidanija» (på gjensyn) før vi rulla over den norsk-russiske grensa eit kvarter før ho stengde klokka 21.00 norsk tid. Og nok ein kveld full av russiske inntrykk, på mange måtar, var over.
Det er vanskeleg å tenkje seg at slike fredagar var ein del av kvardagen vår. Så enkelt, så normalt, men likevel så annleis. Eg kom til Kirkenes hausten 2012. Eit halvt år seinare, i juni 2013, var det statsbesøk i Kirkenes. Russlands statsminister Dmitrij Medvedjev og vår eigen Jens Stoltenberg snakka om tettare samarbeid, felles industriprosjekt og ei opnare grense. Dei snakka om meir fredagspils! Vi som var til stades då Medvedjev og Stoltenberg besøkte den norske og russiske grensestasjonen, såg korleis smil og latter sat laust. Eit lokalt kor song den norske arbeidarsongen «Ellinors vise» og russiske «Katjusja», ein sovjetisk militærmarsj. Den norske statsministeren viste fram grensebuarpasset sitt, eit reisedokument som forenklar grensekryssinga for innbyggjarar i området på kvar side av den norsk-russiske grensa. I dag er Stoltenberg sjef for Nato, mens Medvedjev snakkar om korleis Russland kan leggje Vest-Europa i grus med atomvåpena sine.
Alarmklokkene kimar
Det er i Oslo norsk Russland-politikk vert vedtatt. I Kirkenes blir politikk til kvardag. Tilhøva mellom Noreg og Russland i nord er annleis enn i sør. Sjølvsagt. Dette handlar både om historie (spesielt frigjeringa under andre verdskrigen) og hundreårlange handelsruter. Det handlar om daglegdags kontakt over riksgrensa, om russisk-norske ekteskap og familiar. Russland vart ein normalitet i Kirkenes. Akkurat kva tid Noregs tilhøve til Russland byrja å skrante, finst det fleire svar på. Nokon vil hevde at tilhøvet aldri har vore godt, og at heile den post-sovjetiske perioden som leia fram til det mellombels botnpunktet i relasjonen mellom Noreg og Russland – som kom 24. februar 2022 og invasjonen i Ukraina –, har vore ein konstant nedoverbakke.
Andre vil seie at heile 2000-talet var eit tiår for moglegheiter, men at Russland ikkje ønskte å bli som oss. Kanskje heldt dei oss for narr. Den vestlege verda omfamna den nye russiske presidenten Putin tidleg på 2000-talet. Plutseleg hadde Russland ein statsleiar som verken var full eller urgammal. I 2007 vart Putin til og med kåra til årets person av det amerikanske tidsskriftet Time, eitt år etter mordet på hans største kritikar, journalisten Anna Politkovskaja – eit mord Putin og hans folk ikkje løfta ein finger for å prøve å oppklare. Når ein i dag ser tilbake på russisk innanrikspolitikk, og for den saks skyld utanriks, er det fleire ting tidleg i president Putins periode som burde fått alarmklokkene til å ringe i Vesten: den destruktive krigføringa i Tsjetsjenia (som elles er kopiert i Ukraina i dag), teikna tidleg på 2000-talet på korleis uavhengige medium vart knebla. Det skjedde dels ved at journalistar vart fengsla og drepne, dels gjennom at eigarane av TV-stasjonar vart tvinga til å forlate landet, slik at staten kunne overta selskapa. Eller det skjedde ved at styresmaktene skapte ei så stor frykt for å drive fri og kritisk journalistikk at dei fleste journalistar let vere å gjere det.
Vladimir Putin kom til makta nyttårsaftan 1999. Han fekk jobben som president av Boris Jeltsin – som sjuk, sliten og tydeleg prega kunngjorde på TV at han no slutta i jobben som Russlands leiar.
Tre månader seinare, i mars 2000, var det presidentval, som Putin vann. Fire år seinare, nytt val, som Putin vann. I 2008 hindra grunnloven Putin i å ta attval. Hans høgre hand og statsminister Dmitrij Medvedjev blir president. Putin vert statsminister – og presidentkandidat til valet i 2012. Vi skriv no år 2023, Putin har de facto hatt kontrollen over Russland sidan 1999. Grunnloven er igjen endra. No kan Putin, med loven i hand, ta attval to gongar til. Altså kan han sitje som president til 2036. Putin, 70 år, er med sine (til no) 23 år på toppen i det russiske samfunn i rute til å tangere diktatoren Josef Stalins 29 år ved makta.
Alltid fleire brotsverk
Nettopp lovar er noko Putin er blitt veldig glad i å snakke om. Folket må leve «innanfor rammene av lovane», er blitt ei av presidentens mange standardfrasar når han blir konfrontert med nokre av dei absurde fengselsstraffene som russarar vert idømt. Fengsel for å blogge om homofile. Fengsel for å kalle krigen i Ukraina ein krig. Fengsel for brot på meldeplikt etter ein dom på vilkår – fordi ein heiter Aleksej Navalnyj og ligg i koma på sjukehus etter å ha blitt forgifta av novitsjok.
Omgrepet utanlandsk agent har ein svært negativ konnotasjon på russisk. På norsk ville vi sagt landsforrædar eller quisling.
Det finst straff for alle desse «brotsverka». Den juridiske skruen er stramma så hardt i Russland dei seinare åra at ein ikkje lenger kan vere eit kritisk, tenkjande menneske utan å risikere å bli taua inn av politiet. Etter Russlands invasjon av Ukraina natt til 24. februar i fjor har den russiske øvinga å innføre autoritære lovar skote fart. Alt av kritisk presse er stengt ned. Det er ulovleg å «diskreditere dei russiske væpna styrkane». Russiske statsborgarar som «er under utanlandsk innverknad», kva no det skulle bety, risikerer å bli stempla som utanlandske agentar. Desse lovane, som første gong vart innførte for ti år sidan, ligg no som ei klam hand over heile samfunnet: menneskerettsforkjemparar, miljøvernarar, kvinnesaksgrupper og advokatar. Lærarar, kulturarbeidarar, skodespelarar og musikarar. Journalistar og forfattarar, studentar og fagrørsla. Omgrepet utanlandsk agent har ein svært negativ konnotasjon på russisk. På norsk ville vi sagt landsforrædar eller quisling. Å hamne i det russiske «utanlandsk agent»-registeret er for mange eit yrkesforbod og betyr ei lang rekke juridiske komplikasjonar – som ein må følgje til punkt og prikke for å unngå bøter og fengsel. For eksempel ein journalist som hamnar i registeret, må levere detaljerte rekneskapar over alt som går inn og ut av kontoen: mjølk og mat, fotballsko til barna, drivstoff til bilen. Desse rekneskapane blir publisert offentleg til skrekk og åtvaring.
Geopolitikk på gateplan
Å roe ned og avskrekke har vore dei to grunnpilarane i Noregs tilhøve til Russland (og Sovjetunionen) gjennom tiår. Avskrekking har handla om den harde delen av tryggingspolitikken: stridsvogner, soldatar, Nato-medlemskap. Noreg skulle vere klar til å slåst mot ein sovjetisk invasjon.
Den andre delen av tryggingspolitikken har vore sivil. Idrettslag, teater og skuleklasser var store delar av den tryggjande delen av Noreg sitt samarbeid austover. Eit idrettslag frå Båtsfjord på turnering i Murmansk bygde venskap og tillit. Heilt sidan 1960-talet har dei grensenære områda i Finnmark hatt samkvem med russiske idrettslag og kulturinstitusjonar, men under sterk statleg kontroll. Då Berlin-muren fall og det nye Russland vakna frå ruinane av eit imperium på starten av 1990-talet, skaut dette samarbeidet fart. Dåverande utanriksminister Thorvald Stoltenberg tok initiativ til Barents-samarbeidet. Det overordna målet var å sikre fred og stabilitet i nordområda. I 1993 vart Kirkenes-erklæringa signert av Noreg, Russland, Finland, Sverige, Danmark, Island og EU-kommisjonen. Denne delen av verda, no berre kalla Barents-regionen, starta samarbeid om det meste. Dette var eksepsjonelt, nytenkjande og i realiteten eit politisk jordskjelv. Stoltenberg møtte mykje motstand for initiativet sitt hos den politiske eliten i Oslo: Skulle ein flytte norsk utanrikspolitikk ut av hovudstaden? Og jamvel til Nord-Noreg? Men Stoltenberg stod på sitt.
Kirkenes fekk sitt Barents-sekretariat, eit UD-finansiert organ for sivilt samarbeid med Russland. Nye felt vart inkludert: urfolk, næringsliv, sivilt samfunn, naturvern, medium. På det politiske planet vart det etablert formelle strukturar om samarbeid mellom russiske og nordiske regionar og fylke. Det var ikkje den ting ein ikkje skulle samarbeide om. Berre himmelen var grensa. I 2013, same år som Medvedjev og Stoltenberg besøkte den norsk-russiske grensa, var det nesten 400 000 grensekryssingar over Storskog. På laurdagane var litle Kirkenes så fullt av russarar på handletur at byen fekk oppleve noko ein aldri hadde sett før: trafikkork og feilparkeringar.
Kvifor russarane reiser til Noreg for å kjøpe brennevin, var noko eg spurde nokre tilreisande om ein gong.
Pengesterke gjestar frå Russland rulla inn i byen med dei nye SUV-ane sine og fylte opp med varer frå Vinmonopolet og byens fire (!) sportsforretningar. På slike dagar kjentest Kirkenes som noko langt meir enn ein liten, forblåst industriby ved enden av E6: Ein kjende seg som stolt innbyggjar i hovudsetet for det blomstrande samarbeidet mellom Vesten og Russland. Kvifor russarane reiser til Noreg for å kjøpe brennevin, var noko eg spurde nokre tilreisande om ein gong. Svaret var litt komisk: I Noreg veit du at det er skotsk whisky på flaska når det står på etiketten at det er skotsk whisky inni.
Frå fotballkamp til krigføring
Eit av mine oppdrag som nytilsett journalist i Dagbladet Finnmarken i Kirkenes i 2013 var å dekke landskampen i fotball mellom norsk og russisk grensevakt. Eg får nesten frysningar når eg tenkjer tilbake på denne fotballkampen i dag. Den gongen var dette ein så vanleg dag på jobben at ingen løfta eit augelokk. Geopolitikk var også lokalavisstoff. Og dette var altså ei årleg hending i det norsk-russiske militære (!) samarbeidet. 11 mot 11 mann (dette var ei tid før det store innrykket av kvinner i det norske forsvaret), hovuddommar, to assistentdommarar. Ein tribune fylt av kamuflasjekledde tilskodarar, speaker, vaffelsal i kafeen. Den russiske grensekommissæren svarte følgjande på spørsmål om kven han håpa ville vinne: «For grensa sin del vonar eg at det vert uavgjort!»
Det er lenge til norske og russiske soldatar kan møtast til fotballkamp igjen. Forhåpentlegvis kjem dei ikkje til å møtast på slagmarka heller. Men situasjonen er alvorleg. Krigen i Ukraina har vist ein brutalitet hos den russiske leiarskapen som vi ikkje trudde eksisterte. Sivile mål vert målretta bomba, russiske soldatar plyndrar, valdtar og torturerer på si ferd gjennom nabolandet. Russland anerkjenner ikkje den ukrainske statens eksistens. Krigen er over eitt år gamal. Det er ingen grunn til å tru at han er over med det første. President Putin har alt mobilisert 300 000 soldatar – som kvar dag blir mata inn i kjøttkverna på det ukrainske steppelandet.
Ting blir ikkje som før Ukraina-krigen. Det får følgjer for Noreg. Og det får følgjer for Kirkenes. Tidlegare reiste lokalbefolkninga til Russland for å fylle drivstoff til éin tredel av norsk pumpepris. No er kjøp av diesel og bensin sanksjonert.
Knute på tråden
I slutten av september i fjor var eg tilbake på den norsk-russiske grensa. Det var vakkert haustver, og bjørka var gul og brun så langt auget kunne sjå. Framfor porten inn til Storskog grensestasjon stod ei kvinne med ein plakat: «Eg står her for alle dei som ikkje kunne vere saman med oss.» Høvet var Barents Pride, verdas einaste norsk-russiske regnbogetog. No stod aktivistane så nær opp til den russiske føderasjonen ein kunne kome, utan å fysisk vere i landet.
Sidan 2017 har gatene i Kirkenes i slutten av september vore fulle av norske og russiske menneskerettsforkjemparar, skeive og andre, i marsj for fridom og likeverd. Vinteren 2012 vart ein lov som forbyr offentleg informasjon om homofili, vedtatt i St. Petersburg. Det blei starten på den russiske jakta på seksuelle minoritetar. Loven er sidan den gong blitt føderal og utvida ei rekkje gongar. Den siste tilstramminga kom i slutten av november i fjor. Det er no forbode å fremje «propaganda om ikkje-tradisjonelle verdiar» i medium, på internett, i reklame, i litteratur og på kino.
Kor skal dei homofile i Russland no gjere av seg? Mange har for lengst reist. Andre går under jorda. Nokre få var til stades i Kirkenes og gjekk i tog. Å dra heim til Russland er knytt til stor fare. Å «propagandere» for andre måtar å leve saman enn det russarane kallar «tradisjonelle», altså familiar med mor, far og barn, er straffbart. Betyr det at homofile kjærastepar ikkje har lov til å halde hender på gata? Kven veit. Lovane er laga så breie og så vage at dei i prinsippet kan brukast på kven som helst ein ønskjer å ramme.
Det einaste vi veit, er at det kjem ei tid etter Ukraina.
Då eg stod på Storskog og såg på dei modige russiske LHBT-aktivistane – fleire av dei brukte masker for å skjule identiteten sin –, slo følgjande meg: Den norsk-russiske grensa skil ikkje berre mellom to statar. Om ein drar over Storskog og inn i Russland, gjer ein også den lengste politiske reisa i verda. Det finst ikkje nokon annan stad på kloden der tilhøva for sivilt samfunn, ytringsfridom og menneskerettar endrar seg så drastisk, berre på ein kort køyretur til Nikel.
Kor går Russland? Ingen veit. Det einaste vi veit, er at det kjem ei tid etter Ukraina. Noreg kjem framleis til å vere nabo med Russland. Nikel og Belaja Notsj vil eksistere. Køyreturen frå Kirkenes ein fredags ettermiddag tar like lang tid som før. Men korleis skal ein no kunne snakke normalt og fredeleg med russarar over ein pils i Nikel, når ein veit at Putins brutale krig i Ukraina har så stor støtte i befolkninga? Det må eg tenkje nøye over.
Det er mange av oss som har opplevd eit godt samarbeid med Russland, som no er skuffa. I eit intervju i starten av krigen nytta eg omgrepet kjærleikssorg for å skildre mitt forhold til Russland. Når eit forhold ikkje går som planlagt, og ein er nøydd til å trekkje i naudbremsa, seier ein ofte til den tidlegare partnaren: Det er ikkje deg, det er meg det er noko gale med. Men i dette tilfellet dristar eg meg til følgjande: Det er ikkje meg, det er faktisk deg det er noko gale med. Men eg vel å ikkje heilt gje opp. Eg gjer som på Facebook. Sivilstatusen min er mellombels sett til «komplisert».
Amund Trellevik (f. 1983) er journalist og fotograf med base i Tromsø. Han er knytt til journalistnettverket Investigate Europe, som driv med undersøkande journalistikk, og er også styreleiar for Barents press.
Alle foto: Amund Trellevik
The post Fredagspils i Russland appeared first on Syn og Segn.